Archive for januar 2010
Mi medieoppleving
Posted januar 15, 2010
on:Det eg skal fortelja om no, er noko som gjekk sterkt inn på familien min og meg. Det skjedde rundt juletider i 2004. Ja, du har gjetta riktig, altso tsunami katastrofa som skjedde i Thailand og Indiahavet for 5 år sidan. Denne dagen fekk me verkeleg vite kva ”tsunami” betydde!
For 5 år sidan reiste eine slektningen min ned til Thailand like før jul. Ho skulle feire jul i syden med ein venn. Nøyaktig kor dei opphaldt seg var i Thailand i Phuket. Eg hugsa denne dagen som det skulle ha skjedd i går. Den 26. Desember 2004, fekk me inn meldinga på norsk TV at det hadde vert tsunami katastrofe i Thailand! Denne dagen sat me alle klistra til TV-en og prøvde å ringe nedover for å få tak i denne slektningen. Men det nytta jo ikkje, for alle slags typar av nett var brotne der nede. Me sat sikkert klistra til TV-en heile dag og ettermiddagen. Alle bilda som blei vist på den firkanta boksen, hadde me alle sett før, minst 100 vender før. Og me blei berre meir og meir lei for me fekk alder nokon nye opplysningar uansett korleis kanal me bytta til! Var nokon veldig frustrerande timar, der sofaen blei ein god venn, TV-en blei trofast, og telefonen kjima stadig vekk. Det einaste som blei forandra frå kvar gang det var nyheiter, var at antall omkomne og antall savna auka! Det var utholdane å ikkje vite noko!
Dette er beteninga om ordet ”tsunami” frå nettsida wikipedia:
Tsunami er ei serie med bølgje skapt i eit vatnmassiv av ein impulsiv forstyrringa som vertikal forskyver ein vatnkolonne. Ein slik forstyrring kan vera eit jordskjelv, eit vulkanutbrot, skred, eksplosjonar eller nedfall frå verdsrommet. Ein tsunami kan ha ei bølgjelengde på over 100 km og periode på over ein time! Altso, ein tsunami som treff land, kan gjere enorm skade.
Seinare på ettermiddagen den 26. Desember 2004, fekk me telefon frå slektningen vår, og fortalte at alt gjekk bra med både ho og vennen hinnas. Det var gladlege nyheiter som me hadde venta spent på lenger. Nokon dagar seinare, når dei fekk komme heim, fekk me vite korleis dei opplevde det leis:
Dei hadde planar om å stå tidleg opp om morgonen den 26, for å reise på stranda og sole seg, som dei hadde gjort det andre dagane. Men når første juledag kom, blei det annleis. Det bestemte seg for å sove lenge dagen der på. Og når det stod opp andre juledag, og skulle hoppe i dusjen, var det ikkje noko vatn som kom. Dei prøvde å ringte ned i resepsjonen, men der fekk dei ikkje noko svar. Dei gjekk ut på balkongen for å sjå, og da hadde tsunamien alt vert der og hadde alt strekt seg tilbake til havet. So einaste dei såg var berre masse bos, masse drit og lite med folk. Dei vandra tilslutt nedover til resepsjonen, og da møtte det på ein del vatn og bos. Men dei fekk endeleg vite kva som hadde skjedd. Dei fortalte at dei prøvde fleire gonger å ringe heim til Noreg, men som eg sa, var nettet nede.
Fakta som tsunamien 26. Desember 2004 frå wikipedia:
Tsunamien blei utløyst av ein serie underjordiske jordskjelv i Indiahavet 26. Desember 2004. Det største og kraftigaste jordskjelvet målte heile 9.0 på Richters skala. Etter desse jordskjelva kom det fleire kjempemessige tsunamibølgjer som skylte over øyane i Bengalbukta.
Dette er mi største media oppleving fordi det skjedde med nær familie. Sjølv om det ende godt, gjekk det inn på oss, og alle andre som hadde slektningar der nede. Eg har tenkt i ettertid at ”kva skulle me ha gjort utan TV og nyheitar?”. For kva skulle me gjere om me ikkje hadde fått vita noko ting, fordi me ikkje hadde hatt den firkantaboksen som kunne fortelje oss om kva som skjedde, eller vist oss bilete? Svaret er dessverre etter mi meining, at me hadde blitt heilt tullerusk, for me hadde engsta oss forderva!