Linda's Blog

Forfattararkiv

Russerevy

Me har hatt eit sjølvvalgt prosjekt våren 2010. Der valte Camilla og eg å reklamere for russerevyen «Utopia» og årets russ. Grunna dette var fordi me sjølv var russ denne våren!

Bildet viser årets russerevy fra sogndal VGS! Der svineinfluensa var ein vesentleg del av revyen.. Revyen gjekk under namnet «Utopia: based on a true story».

Grunna for at me valte akkurat å reklamere for Sogndals russen var fordi, som sagt, me sjølve var russ i år, og fordi me gjekk i gjennom som eit godt og flinkt russekull! Me fekk hederleg omtale i media og det er noko som me trivst med!

Alle tenkjer på russen som nokon «små djevlar» men det er me egentleg ikkje. Dei eldre gjer feil i å dømme oss berre fordi me har på oss nokon raude bokser eller svarte. Dei har vert russ ein gang sjølv, og dei veit kva det går ut på. Og når me atpå til får hederleg omtale i media, kvifor da skal me bli «stempla» som «terroristar»??

Etter mi meining er det eit spørsmål som dei eldre også har vanskeleg for å svare på!

Me på Sogndal VGS har fått i oppgåve å kommentere innlegga til dei på Kongsberg VGS om informasjonskløfter. Eg skal no legge ut min kommentar om innlegget til Siri Marie om informasjonskløfter på Siri Marie`s medie blogg (linken) http://sirimarie-mediafag.blogspot.com/2010/02/informasjonsklfter.html , då eg ikkje kan legge ut kommentaren min på bloggen hennas.

Hei Siri Marie=) Eg heiter Linda, og eg har fått i oppgåve å kommentere innlegget ditt om «informasjonskløfter».

Innlegget ditt er bra, og du er konkret i oppgåva. I innleiinga di er du bevist på korleis du skal gjere denne oppgåva, korleis du skal skriva den og du forklarar i byrjinga kva du skal gjera. Du har også fått med ein del faguttrykk, noko som er bra! Eg er også veldig fornøgd med at du har med definisjon på kva informasjonskløft er. Og du er også flink med å oppgi kjelde på den definisjonen. Eit minus er at innledningen din er litt for lang..

Det andre avsnittet ditt, er noko eg meinar du kunne ha klart å gjordt betre! Du er veldig kort i hovuddelen, men det kunne ha fungert om innledningen din var kortare. So om du skal forbedre innlegget ditt, er det etter min meining at du fokuserar på å forbedre hovuddelen og lar innledningen vere som den er.

Noko du kunne ha gjort betre, det er å ta med meir definisjonar, eller kanskje noko som står i lærebøkene våres eller om du evt. finn nokon gode kjelder på internett! Eg savnar også ein avslutning. Når eg les siste delen av hovuddelen, sitt eg igjen som eit spørsmålstegn føler eg.. Avslutning og ei avrunding burde du ha med neste gang.

Lykke til med arbeidet med å forberede teksten om informasjonskløfter, og eg gledar meg til å lese neste utdrag, og å sjå om du har høyrt på nokon av tipsa mine =)

Det eg skal fortelja om no, er noko som gjekk sterkt inn på familien min og meg. Det skjedde rundt juletider i 2004. Ja, du har gjetta riktig, altso tsunami katastrofa som skjedde i Thailand og Indiahavet for 5 år sidan. Denne dagen fekk me verkeleg vite kva ”tsunami” betydde!

For 5 år sidan reiste eine slektningen min ned til Thailand like før jul. Ho skulle feire jul i syden med ein venn. Nøyaktig kor dei opphaldt seg var i Thailand i Phuket. Eg hugsa denne dagen som det skulle ha skjedd i går. Den 26. Desember 2004, fekk me inn meldinga på norsk TV at det hadde vert tsunami katastrofe i Thailand! Denne dagen sat me alle klistra til TV-en og prøvde å ringe nedover for å få tak i denne slektningen. Men det nytta jo ikkje, for alle slags typar av nett var brotne der nede. Me sat sikkert klistra til TV-en heile dag og ettermiddagen. Alle bilda som blei vist på den firkanta boksen, hadde me alle sett før, minst 100 vender før. Og me blei berre meir og meir lei for me fekk alder nokon nye opplysningar uansett korleis kanal me bytta til! Var nokon veldig frustrerande timar, der sofaen blei ein god venn, TV-en blei trofast, og telefonen kjima stadig vekk. Det einaste som blei forandra frå kvar gang det var nyheiter, var at antall omkomne og antall savna auka! Det var utholdane å ikkje vite noko!

Dette er beteninga om ordet ”tsunami” frå nettsida wikipedia:

Tsunami er ei serie med bølgje skapt i eit vatnmassiv av ein impulsiv forstyrringa som vertikal forskyver ein vatnkolonne. Ein slik forstyrring kan vera eit jordskjelv, eit vulkanutbrot, skred, eksplosjonar eller nedfall frå verdsrommet. Ein tsunami kan  ha ei bølgjelengde på over 100 km og periode på over ein time! Altso, ein tsunami som treff land, kan gjere enorm skade.

Seinare på ettermiddagen den 26. Desember 2004, fekk me telefon frå slektningen vår, og fortalte at alt gjekk bra med både ho og vennen hinnas. Det var gladlege nyheiter som me hadde venta spent på lenger.  Nokon dagar seinare, når dei fekk komme heim, fekk me vite korleis dei opplevde det leis:

Dei hadde planar om å stå tidleg opp om morgonen den 26, for å reise på stranda og sole seg, som dei hadde gjort det andre dagane. Men når første juledag kom, blei det annleis. Det bestemte seg for å sove lenge dagen der på. Og når det stod opp andre juledag, og skulle hoppe i dusjen, var det ikkje noko vatn som kom. Dei prøvde å ringte ned i resepsjonen, men der fekk dei ikkje noko svar. Dei gjekk ut på balkongen for å sjå, og da hadde tsunamien alt vert der og hadde alt strekt seg tilbake til havet. So einaste dei såg var berre masse bos, masse drit og lite med folk. Dei vandra tilslutt nedover til resepsjonen, og da møtte det på ein del vatn og bos. Men dei fekk endeleg vite kva som hadde skjedd. Dei fortalte at dei prøvde fleire gonger å ringe heim til Noreg, men som eg sa, var nettet nede.

Fakta som tsunamien 26. Desember 2004 frå wikipedia:                                                  

Tsunamien blei utløyst av ein serie underjordiske jordskjelv i Indiahavet 26. Desember 2004. Det største og kraftigaste jordskjelvet målte heile 9.0 på Richters skala. Etter desse jordskjelva kom det fleire kjempemessige tsunamibølgjer som skylte over øyane i Bengalbukta.

Dette er mi største media oppleving fordi det skjedde med nær familie. Sjølv om det ende godt, gjekk det inn på oss, og alle andre som hadde slektningar der nede. Eg har tenkt i ettertid at ”kva skulle me ha gjort utan TV og nyheitar?”. For kva skulle me gjere om me ikkje hadde fått vita noko ting, fordi me ikkje hadde hatt den firkantaboksen som kunne fortelje oss om kva som skjedde, eller vist oss bilete? Svaret er dessverre etter mi meining, at me hadde blitt heilt tullerusk, for me hadde engsta oss forderva!

Fredag den 27. november hadde dei i 3. klassen med media som valfag, ein fagdag. Denne dagen var litt uvand for oss, for me starta allerede Torsdag 26. november med å ha kveldsøkt med Johnny. Der forklarte han oss ein del, og viste oss korleis anslaget i «Veiviseren» var. T.d  med at dei «skumle» alltid kjem fra venstre i kameraet og går mot høgre, og dei «snille» gjer det motsatte!                                                                                                                                                                             Denne torsdagskvelden fekk me og utdelt videokamera som me skulle bruke til filmen dagen etter. Så me satte oss inn i kameraet, korleis det fungerte, pluss me diskuterte og korleis me skulle gå fram ang. filmen. (Manuset og storyboardet hadde me skreve i media-timane før i denne veka). Grupper til filmprosjektet var me alt satt samen i, og mi gruppe var: Maria, Trond, Silje B. Jeanette, Camilla og meg. Og filmen som me skulle produsere skulle handle om ytringsfridom og/ eller personvern. Me hadde eit liten teknisk feil før me starta med filminga, me måtte få oss eit nytt og større/betre video kamera me kunne bruke, MED mikrofon på. For me trenkte stemmene til folka lika mykje som bileta!

Filmen våres:

Gruppa våres valgte å lage ein film der me brukte omlag 35 forskjellige personar, frå forskjellige samfunnsgrupper, der dei las opp, eller sa, eit ord fra menneskeretts artikkelen nr. 19. Me var alle sammen sjølve med i filmen, som for å vise dei andre korleis dei skulle gjere det. Dei to mest krevande tinga med denne produsjonen var å få folk med på å bli filma og å sei eit ord i kamera, den andre tingen var redigeringa. Under redigeringa hadde me ein del problem, med å ha rett kobling inn i macken fra kameraet, å få til å bruke rett program, å velje korleis klipp me skulle bruke og korleis klipp som var ubruklege.

 Utan om diverse små ting som var krevande, synst eg at dette film-prosjektet alt i alt var veldig spennande og kjekt! Me lærte masse, me fant gode teknikkar, og me lærte oss ein heilt annan måte å sammarbeide på i ei stor gruppe!         Eg kan kan godt tenka meg å jobba med film fleire vender, men kanskje prøve diverse sjangerar??

Framgangsmåten var at me laga oss manus, deretter storyboard. Dette var vekene før me begynte med filminga og fagdagen. På sjølve fagdagen laga me sjølve filmen, og nokon av dei siste timane denne fredagen, blei brukt til redigerting. Redigeringa gjekk ikkje knirkefreitt. Me måtte ha nokon andre kablar og lade ledning til kameraet. Sidan me hadde brukt so lang tid på filminga, og brukt so masse folk, og fått so mange klipp av kvar person, tok redigeringa forferdeleg lang tid! Me var ikkje dei einaste som hadde det problemet, so fristen blei utsatt fra fredag 27. november kl 14.30 til tysdag 1. desember.

Mi eigenvurdering av filmen er positiv! Eg er sjølv veldig nøgd med resultatet! Og ikkje minst prestasjonen til gruppa.  Noko som eg er veldig takknemleg for er hjelpen me fekk av alle ungdomane og folka me brukte til filminga. Pluss ikkje minst hjelpa me fekk av Johnny! Den hjelpa me fekk av han hadde me ikkje klart oss utan!!!

Publiseringa til filmen er at me hadde plana om å legge den ut, men me måtte levere inn CD-en som filmen låg på før me fekk legge den ut på Youtube. So me får sjå kva som skjer, om me legg den ut eller ikkje?

 =)

Test 1

Posted on: november 9, 2009

VG

Mitt%20bilde

Trykkepresse
Eg har valt og skriva om Trykkepresse og fortelje korleis det oppstod. Etter det Mediemøte 2 skriver med Asbjørnsen m.fl at trykkepresse blei utvikla omkring 1450 talet, og det var Johan Gutenberg som utvikla det(mediekommunikasjon 2, Ødegård m.fl, 2008, s. 462). Og i følgje mediemøte 2 ”introduksjonen av boktrykkjarkunsten i europeisk samanheng førte til store endringar.” (Asbjørnsen m.fl, 2007, s.124)

Det kan på mange måtar sei at ”mediehistoria starta med trykkjepresse” (Asbjørnsen m.fl, 2007, s.124). Bøker som var skrivne for hand, fanst alt, men med trykkjeteknologien var det mogleg å trykkje mange identiske eksemplarar av same bok. Og det førte til større produksjonar i følgje Mediemøte 2 og Asbjørnsen m.fl, 2007, s.124.

Boktrykkjarkunsten hadde fleire gode sider når den kom, etter det ”http://trykkerevolusjonen.blogspot.com/” skriver tente dei som dreiv med boktrykking ein enorm mengde med peng, og det førte til at ”mange blei sysselset som boktrykkjarar”. (http://trykkerevolusjonen.blogspot.com/)

I følgje Mediemøte 2, s. 124 var teknikken på å bruke boktrykkjarteknologien ganske enkel. Etter at Gutenberg kom med trykkepressa, har det gradvis utvikla seg sjølvsagt. Og no til dags er salet av aviser større enn kva det var på den tida. Samtidig som trykkjepressa gradvis utvikla seg, har tida endra seg og teknikken har blitt mykje meir moderne.

Kjelde:
Mediekommunikasjon 2, 2008, Ødegård m.fl, side 462
Mediemøte 2, 2007, Asbjørnsen m.fl, side 124
http://trykkerevolusjonen.blogspot.com/

 

Eg synst det var vanskeleg å skrive denne teksten, for me skulle ikkje ha med for masse eller for lite informasjon. Det var og vanskeleg å passe på å ha med berre faktia, passe på å ha med alle kjeldene eg brukte og å  skrive med mine eigne ord det som ikkje var direkte sitat fra nokon av bøkene eller fra internett.

Eg synst at kjeldene eg har brukt er pålitlege for eg har brukt lærebøkene mediemøte 2  og mediekommunikasjon 2, so dei må liksom vere rette og ha rett informasjon sidan me ska bruke dei i skulen!Pluss at internettsidene eg brukte er og pålitlege for det står det samme der som i lærebøkene, berre formulert annleis.

 

 

Fjernsyn hadde vert lenge aktuelt for folk og kroninga av dronning Elisabeth i 1953 var ein av fleire hendingar som blei vist på fjernsynet.

Men det var ikkje før i 1962 at den første presidenten, John F. Kennedy talte direkte på tv til nasjonen om Cuba-krisa. Året etter då han blei myrda, blei det sendt bilder verden over, og heile hendinga blei sendt på TV.

 

Kjelde:

Mediemøte2, Asbjørnsen m. fl. side 159, «fjernsynet skapar ein ny type offentlegheit»

Wikipedia.no –> John F. Kennedy

I dag har me på Sogndal Vidaregåande skule hatt international dag på skulen. Der elevane som ikkje har vert på Eshowe-dagen har fått vite ein del om den, og me har fått sett bilde av kva pengane me tjente inn i fjor, gjekk til! Alt såg veldi bra ut! Me fekk og besøk av folk fra Eshowe, i Sør-Afrika. Der dei fotalte det dei synst om prosjektet, og dei viste bilde fra heile byggeprosessen av tilbygget pengane våres gjekk med på å bygge på barnehagen Joyway!
So alt i alt, håpar me i 3mik at etter den internationale dagen, og presentasjonen me hadde for dei i forrige veke, gjekk innpå elevane, so dei skjønna kva pengane går til, og dei vil vere med på å gjere ein STOR forskjell
Tenk m hove, Hjelp Eshowe!!



  • Ingen
  • Ørjan Gomsrud: Heisann! Så interessant du skriver! Jeg selv husker den hendinga veldig, veldig godt, samtidig så ser jeg at tiden har gått veldig fort for min

kategoriar