Linda's Blog

Medie Fagdag

Posted on: desember 15, 2009

Fredag den 27. november hadde dei i 3. klassen med media som valfag, ein fagdag. Denne dagen var litt uvand for oss, for me starta allerede Torsdag 26. november med å ha kveldsøkt med Johnny. Der forklarte han oss ein del, og viste oss korleis anslaget i «Veiviseren» var. T.d  med at dei «skumle» alltid kjem fra venstre i kameraet og går mot høgre, og dei «snille» gjer det motsatte!                                                                                                                                                                             Denne torsdagskvelden fekk me og utdelt videokamera som me skulle bruke til filmen dagen etter. Så me satte oss inn i kameraet, korleis det fungerte, pluss me diskuterte og korleis me skulle gå fram ang. filmen. (Manuset og storyboardet hadde me skreve i media-timane før i denne veka). Grupper til filmprosjektet var me alt satt samen i, og mi gruppe var: Maria, Trond, Silje B. Jeanette, Camilla og meg. Og filmen som me skulle produsere skulle handle om ytringsfridom og/ eller personvern. Me hadde eit liten teknisk feil før me starta med filminga, me måtte få oss eit nytt og større/betre video kamera me kunne bruke, MED mikrofon på. For me trenkte stemmene til folka lika mykje som bileta!

Filmen våres:

Gruppa våres valgte å lage ein film der me brukte omlag 35 forskjellige personar, frå forskjellige samfunnsgrupper, der dei las opp, eller sa, eit ord fra menneskeretts artikkelen nr. 19. Me var alle sammen sjølve med i filmen, som for å vise dei andre korleis dei skulle gjere det. Dei to mest krevande tinga med denne produsjonen var å få folk med på å bli filma og å sei eit ord i kamera, den andre tingen var redigeringa. Under redigeringa hadde me ein del problem, med å ha rett kobling inn i macken fra kameraet, å få til å bruke rett program, å velje korleis klipp me skulle bruke og korleis klipp som var ubruklege.

 Utan om diverse små ting som var krevande, synst eg at dette film-prosjektet alt i alt var veldig spennande og kjekt! Me lærte masse, me fant gode teknikkar, og me lærte oss ein heilt annan måte å sammarbeide på i ei stor gruppe!         Eg kan kan godt tenka meg å jobba med film fleire vender, men kanskje prøve diverse sjangerar??

Framgangsmåten var at me laga oss manus, deretter storyboard. Dette var vekene før me begynte med filminga og fagdagen. På sjølve fagdagen laga me sjølve filmen, og nokon av dei siste timane denne fredagen, blei brukt til redigerting. Redigeringa gjekk ikkje knirkefreitt. Me måtte ha nokon andre kablar og lade ledning til kameraet. Sidan me hadde brukt so lang tid på filminga, og brukt so masse folk, og fått so mange klipp av kvar person, tok redigeringa forferdeleg lang tid! Me var ikkje dei einaste som hadde det problemet, so fristen blei utsatt fra fredag 27. november kl 14.30 til tysdag 1. desember.

Mi eigenvurdering av filmen er positiv! Eg er sjølv veldig nøgd med resultatet! Og ikkje minst prestasjonen til gruppa.  Noko som eg er veldig takknemleg for er hjelpen me fekk av alle ungdomane og folka me brukte til filminga. Pluss ikkje minst hjelpa me fekk av Johnny! Den hjelpa me fekk av han hadde me ikkje klart oss utan!!!

Publiseringa til filmen er at me hadde plana om å legge den ut, men me måtte levere inn CD-en som filmen låg på før me fekk legge den ut på Youtube. So me får sjå kva som skjer, om me legg den ut eller ikkje?

 =)

Kommenter innlegget


  • Ingen
  • Ørjan Gomsrud: Heisann! Så interessant du skriver! Jeg selv husker den hendinga veldig, veldig godt, samtidig så ser jeg at tiden har gått veldig fort for min

kategoriar